untitled-(1-of-1)-4.jpg

Midt i naturen

Hegrenesåsen ligg i Jølster, som var eigen kommune fram til han vart slegen saman med tre andre til Sunnfjord kommune 01.01.2020. 

Hyttegrenda ligg på Ålhus, som er gammal kyrkjestad. Her ligg også Eikaasgalleriet som har verk av Jølster sin eigen kunstprofessor Ludvig Eikaas og utstillingar også av andre kunstnarar på sommarstid. 

Her på Hegrenes budde baron Audun Hugleiksson (ca. 1240–1302). Han var ein av dei mektigaste og rikaste i landet på slutten av 1200-talet, og ved vatnet nedanfor Hegrenesåsen kan ein skimte restane av borga hans. 

Ved Bjørkelia (10 km frå Hegrenes) finn vi Sunnfjord Golfklubb si golfbane. Der ligg også Jølster Skisenter og Jølster Løypelag, som har løyper og trasear for ulike skiaktivitetar.  I Jølster er gode forhold for både lange og korte fjellturar, og midt i bygda finst det landskjende Jølstravatnet med aure av høg kvalitet. 

kart hegrenesåsen.png